Kvam Soge - og Kulturminnelag
- er ein open medlemsorganisasjon - ta vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie. - er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie - er lokalisert i Kvam herad som ligg i ytre Hardanger - vart skipa 19. mars 1997 og har 510 medlemer
Årsmelding for år 2007 kan lesa du under menypunktet Aktivitetar.
Hardangerforlaget Kvam Soge- og Kulturminnelag står bak drifta av Hardangerforlaget. Er du interessert i bøker, finn du omtale av dei vi har under menypunktet Bøker. Du kan tinga desse bøkene ved å fylle ut skjemaet nedst på same sida, eller du kan sende e-post til: post(krøllalfa)kvam-sogelag.com.
Bydejol / Gamalt frå Kvam Kvam Soge- og Kulturminnelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam/Bygdejol. Medlemer i Kvam Soge- og Kulturminnelag får kvart år tilsendt Gamalt frå Kvam/Bygdejol.
Slektsbok for Strandebarm og Tørvikbygd Arbeidet med slektsbøkene for Strandebarm og Tørvikbygd er i godt gjenge. Det blir i alt tre bøker. Utanom reine slektsopplysingar vil bøkene innehalda gamle og nye foto, artiklar og tekstar om små og store hendingar i bygdene. Me reknar med at dette vert årets julegåve 2009. Les meir og fyll ut slektsskjema her. |
|